Bergens Tidende: “Kristenfanatikere var Finsk sekt”

“Misjonærene hevdet at Utøya-ofre var dømt til evig fortapelse”.

Forskynnarane ved den blå steinen var falske kristne, som er ført vill av ei sekt i Finnland. Her er eit foto av den falske profeten.

Fredag skreiv Bergens Tidende (BT) om at ‘Kristenfanatikere” hadde plaga ei sørgjande jente ved den blå steinen i Bergen. Her er sitat frå BT på laurdag, der avisa kjem med utfyllande informasjon og ei korrigering.

Bt.no skrev torsdag om hvordan to fremmede kvinner oppsøkte Solveig Selvik (20) ved Den blå steinen onsdag ettermiddag.

Med seg hadde de brosjyren «Profeti fra Finland – gitt av profetinnen i Uleåborg den 1. april 1961».

Brosjyren som Solveig fikk sammen med budskapet om at Utøya-ungdommene nå var i helvete, stammer fra den finske sekten «Suomen esirukoilijakansan esirukoilijat», som på norsk kaller seg «Finlands forbedere».

Kilde: BT

Min kommentar:

Eg vil takke Bergens Tidende for å ha fulgt opp saka om at “kristenfanatikere” skal ha gjort urett mot sørgjande ved den blå steinen i Bergen.

Journalisten har klart å sjå at ikkje alle som kallar seg kristne, oppfører seg som kristne. Den som ikkje oppfører seg som ein kristen, får ofte ufrelste til å ta avstand frå Jesus og ekte kristendom.

Ei sekt er ei gruppe religiøse menneske som gjerne brukar navnet “Jesus”, men som ikkje lœrer rett, og som ofte oppmoder medlemer til å oppføre seg i strid med det Jesus ynskjer.  Det fekk vi eit godt døme på i Bergen.

Fusk og fanteri er det i alle leirar, uheldigvis.

Den finske sekta vart leia av Laila Heinonen. Ho hevda at om ikkje hundretusener av finnar tok i mot Jesus, kom Sovjet til å innvandere Finland i 1961.  Korkje omvendinga eller invasjonen kom. Heinonen vart avslørt som ein falsk profet. I dag er det berre 200 medlemmer i denne sekta.

Sanninga om Jesus finn ein berre i Biblen. Jesus åtvarar mot mange falske lœrarar og profetar, som skal kome i hans namn, og føre menneske vill. Dei to kvinnene som plaga sørgjande ved den blå steinen var to forførte menneske.

VG og Dagbladet laga også oppslag med tittelen “kristenfanatikere”. BT si sak om at det ikkje var kristne som stod bak den uheldige episoden, har ikkje blitt dekka av dei store Oslo-avisene.

Kva kan kristne i Norge lœre av denne saka?

For første gong i moderne tid i Norge, er det blitt legitimt å angripe kristne i media. Det er ei frukt av terrorhandlinga på Utøya. Fleire medier hevda at  Anders Behring Breivik var ein “kristen fundamentalist”. No kjem dei første krava om at politiet må gripe inn på offentlege stadar der forkynning finn stad.

Tidlegare har kristne “berre” blitt ignorert, eller nekta spalteplass for tilskipingane våre.

Snart kjem det politisk klarsignal frå Oslo. Politiet kan gripe inn mot kristne forkynnarar. Dei første som vert arresterte kjem ganske sikkert til å bli anklaga for å ha gjort eit eller fleire av desse “brotverka”: Dei har åtvara mot Islam, tala sanninga om Helvete, eller sitert Bibelen som stadfestar at homofili er synd.

Skriven av Ivar Fjeld

Merkelappar:, , , ,

Kategoriar: Uncategorized

Ingen kommentarar enno.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 28 other followers

%d bloggers like this: