Amerikanske muslimar fekk ein takk frå President Obama for “måten dei oppførte seg på under og etter 11. September 2001″.
Dette er ei melding vi får fra Pinserørsla si vekeavis Korsets Seier.
Avisa skriv at Obama viser til at det var uskuldige muslimar som arbeidde i tvillingtårna på Manhattan i New York.
Korsets Seier siterer den sekulœre TV-stasjonen CNN.
“Muslimske amerikanere var uskyldige passasjerer på de flyene, sa Obama ifølge CNN, og siktet til flyene som ble sendt inn i World Trade Center og Pentagon for snart ti år siden”.
Slekt og vener av Muslimske offre av tragedien i 2001 vart invitert til middag i Det Kvite Hus i samband med den muslimske fastemånaden.
Min kommentar:
Korsets Seier står sjølvsagt fritt til å skrive om Islam og andre religionar. Også dekke markeringar i samband med den muslimske fastemånden.
Det er sjølvsagt mange som gjer mykje bra på denne kloden, også blant muslimar.
Men kva “bra” var det Muslimane i USA gjorde under og etter terror-angrepa i New York og Washington 11.september 2001?
Lot mange av dei seg konvertere til den kristne trua?
Det ville ha vore ei veldig god sak for Pinserørsla si avis.
Islam held fram å vekse i USA. Det er ein vekst ingen kristen avis bør glede seg over.
Ei heller dekke i form av ein “positve nyhet” om Obama som roser Muslimar.
Ein tilbakegong for Islam ville ha vore ein naturleg konsekvens av at alle dei 12 terroristane var Muslimar, som ropte “allah er stor”.
Dei Islamske terroristane levde i det muslimske miljøet i USA i over eitt år før angrepet.
Var det nokon i det Muslimske miljøet i USA som gjorde noko konstruktivt for å stogge brødrene sine i å begå massedrap i namnet til ‘allah”?
Vart det gjort noko for å få muslimane i USA til å erkjenne at mange Muslimar dyrkar martyrar som bruker vald?
Tenk om vi hadde hatt ein President i USA som vitna om Jesus, slik at mange Muslimar kunne bli oppglødde av kristen tru.
Obama kunne forklart at ingen som trur på Jesus har lov å skade eit anna menneske. Det ville vore ei god sak for Korsets Seier.
Skriven av Ivar Fjeld