Det er urimeleg å samanlikne Harald Eia med Anders Behring Breivik. Men begge forsøplar Norge.
Det er ganske sjokkerande å kome heim fra den tredje verda å sjå forsøplinga av det offentlege rom i Norge.
Det som for få år sidan vart sett på som banalitetar og russe-fakter kjem no inn i heimane i beste sendetid i både NRK og TV2.
Folkehumoren i kongeriket er no så full av perversitetar at det gjer vondt. Den mest grisete, plumpe og banale av “komikarane” i landet, er Harald Eia.
Femte November 2010 la eg ut på den engelske bloggen min ei sak med tittel” Norwegian TV turns to sex, perversion and cannibalism”.
Det betyr på godt norsk” Norsk TV tyr til sex, perversiteter og kanibalisme”.
Alle tenkande menneske veit kva slags bannskap og elende som har fulgt i kjølvatnet av slik framferd opp gjennom historien.
Denne artikkelen var skriven drøye seks månadar før Utøya-tragedien.
Harald Eia har utmerka seg som ein av dei mest groteske nordmenn. Då han åt steikt menneskeflesk og fekk lov å bruke NRK til å distribuere slike umenneskelege peversitetar, måtte sjølvsagt Bibelen’s Gud reagere. Det norske folk fortener bedre, og vi må alle snart ta til å vakne opp av Tornerosesøvnen.
Det er lov å setje foten ned, og protestere.
Dei som hugsar noko frå kristendomstimane på skulen, minnest kanskje det som skjedde med Sodoma og Gomora. Jesus seier at like ille skal det vœre på Jorda når Han kjem attende. No passar dette godt på situasjonen i Norge.
Lukas 11: 28-30
På samme måte var det i Lots dager: De spiste og drakk, kjøpte og solgte, plantet og bygde. Men den dagen da Lot gikk ut av Sodoma, regnet det ild og svovel fra himmelen og gjorde ende på dem alle. Slik skal det også gå den dagen Menneskesønnen åpenbarer seg.
Jesus er full av nåde. Også for menn som Harald Eia. Men han må vende om frå perversitetane sine, og be om nåde. Når Eia ein gong blir tvungen i kne av den levande Gud, vonar eg at både NRK og TV2 dekkjer denne hendinga i beste sendetid.
Link til den engelske saka om Harald Eia, av 5.november 2010.
Skriven av Ivar Fjeld
Siste kommentarar