Utøya: Gud sin straff eller ein advarsel

Eg har tidlegare sagt at eg trur AUF-ungdom vart frelst på Utøya. 

Var Utøya-tragedien ein straff frå Bibelen sin Gud?

Per Haakonsen sa på møte i Sarpsborg Kr.F at Utøya og andre hendingar i vår samtid, må kunne tolkast som ei åtvaring frå Gud.

Haakonsen si uttaling om at Utøya, ikkje første og fremst, var i straff frå Gud, har skapt stort debatt.  Det ligg i denne setningen ei opning for at det kan liggje eit element av straff i Utøya-tragedien.

Det er viktig å presisere at det er ein skilnad på Gud sin straff av menneske, og Gud sine åtvaringar til folk og land.

Dersom Utøya var Gud sin straff, så dukkar det opp mange sjølvmotseingar. Då ville AUF-arar som døydde ha blitt straffa for den norske regjeringa sin politikk, i dette tilfelle Norge sin politikk overfor Israel.

AUF-leiar Eskild Pedersen overlevde:

Var det fordi Pedersen var rettferdig?

Dersom dette var Gud sin staff, betyr det også at Gud utrusta og brukte Anders Behring Breivik til å straffe 69 medlemer i AUF.

Eg trur ikkje at Utøya var Gud sin straff mot AUF-arane som døydde. Tvert om breidde det seg frykt blant både dei som døydde og dei som overlevde denne enorme tragedien.

La oss dra to historiske parallelar:

Då Gud straffa Egypt for grov urett mot Israel, låg det lik i alle husa i Egypt. Alle dei førstfødde låg døde. Alle. Men slett ikkje alle Egyptarane døydde denne natta.

Dersom alle AUF-arar utover heile Norge låg døde i husene sine ein mandag morgon, kunne ein då sei at dette var Gud sin straff?

Då Tyskland angreip  Norge i April 1940, breidde det seg frykt i det norske folk. Mange såg på invasjonen som ei åtvaring frå Gud. Folk strømde til forsamlingar og bedehus. Det vart vekkjing i landet. Ingen kunne vite om Norge nokon gong ville bli frigjort.

Jesus seier frykt Han som kan sende både kropp og sjel i Helvete.

 Evangeliet etter Matteus
Kapittel 9

Men for at dere skal vite at Menneskesønnen har makt på jorden til å tilgi synder» – og nå vender han seg til den lamme: «Stå opp, ta båren din og gå hjem!»  Og mannen reiste seg og gikk hjem.   Da folkemengden så det, ble de grepet av frykt og priste Gud som hadde gitt mennesker slik makt.

Straffen låg på Jesus på korset. Han ynskjer at alle skal forstå dette, kome til tru på Han og bli redda. La Jesus ta den straffen vi alle fortjener. Jesus står mellom oss som trur og den straffen vi fortjener.  Det er når gudsfrykten tar eit menneske, at syndenøden aukar. Menneske blir frelst.

 Evangeliet etter Matteus
Kapittel 10:28

Vær ikke redde for dem som dreper kroppen, men ikke kan drepe sjelen. Frykt heller ham som kan ødelegge både sjel og kropp i helvete.

Det er berre i Jesus det finnes ei redning. Tar du ikkje i mot Han så går du fortapt. Du kan ta i mot Han i din siste time. Vekkjingar finn stad i skjebentimar, slik som på Utøya. Du kan gå fortapt i dag, eller det kan skje i morgon.

Lovpris Jesus som er den einaste redninga.

Skriven av Ivar Fjeld

Merkelappar:, , , ,

Kategoriar: Uncategorized

28 kommentarar den “Utøya: Gud sin straff eller ein advarsel”

  1. februar 5, 2012 at 11:31 am #

    “Jeg vil velsigne dem, der velsigner dig, og den, der forbander dig, vil jeg forbande. I dig skal alle jordens slægter velsignes” 1 Mos 12,3.

  2. ivarfjeld
    februar 5, 2012 at 11:42 am #

    Hei Israel i Endetiden.

    Shalom.

    To dagar etter at eg starta Vener av Israel i ein by i India, satte ein ukjent nordmenn 10.000 NOK inn på min konto….(….) Han viste ikkje at eg skulle stifte Vener av Israel, men vart kalla av Herren til å velsigne ein mann han aldri hadde møtt.

    Når Gud seier Han skal velsigne dei som velsigner slektene etter Abraham, Isaak og Jacob, så meiner Han alvor.

    Velsigningane snakkar vil gjerne om, ja går på talarstolen med stor frimodighet. Men kven tør å seie at ordet forbanningar også ligg i det same Bibel-verset?

  3. februar 11, 2012 at 7:16 am #

    Gode og vyrde poeng her, Ivar. Like fullt kjem det nok ein dag – og då snakkar eg ikkje om dommen på den ytste dag – då Gud kjem til å straffa Noreg… på eit eller anna vis. Den som lever får sjå!

  4. ivarfjeld
    februar 11, 2012 at 10:39 am #

    Hei Lars-Toralf

    Shalom.

    Eg trur det er viktig at vi skill mellom Gud si straff og Gud sine åtvringar. Det blir til dømes feil å sei at Gud straffa AUF-ungdomar på Utøya. Det er rett å sei at Gud hald seg unna, og tillot Behring Breivik å drepe for fote. Sidan all makt er tilagt Jesus i Himmel og på jord, kunne Han sjølvsagt ha stogga hjarte til terroristen. Han gjorde det ikkje. Menneske har fått autoritet til å velge det vonde, og vi må leve med denne maktfordelinga.

    Den som trur på Jesus reiser til ein betre plass. Himmelen. A lide martyrdøden er ikkje skadeleg. Dei som trur dei kan “drepe oss”, Har ingen makt over sjelene våre. Dei tilhøyrer Jesus. Amen.

  5. februar 11, 2012 at 10:40 am #

    Samd i det. Men om Gud tillet at nokon vert drept, då vert jo det ein straff i seg sjølv.

  6. ivarfjeld
    februar 11, 2012 at 10:42 am #

    Hei Lars-Toralf.

    Shalom.

    AUF-leiar Eskild Pedersen slapp unna Behring Breivik sine kuler. Så gjorde 500 AUF-arar. Var ikkje Gud interessert i å straffa desse ungdomane? Slapp dei unna fordi dei var rettferdige?

  7. februar 11, 2012 at 10:52 am #

    Når Gud tager sin opholdende velsignelse bort, da kan der ske meget – både i Norge som i hele verden. Gud er i færd med at flytte lysestagen fra de Nordiske lande.

  8. ivarfjeld
    februar 11, 2012 at 11:07 am #

    Hei Israel i Endetiden.

    Shalom.

    Du skriv: “da kan der ske meget”. Det er rett. Men det er fordi Gud tar bort velsigninga. Ikkje fordi han aktivt går inn for å straffe. Gud ynskjer at alle menneske skal bli frelst. Han vil ikkje noko menneske vondt. Det er eit teologisk prinsipp som kristne må stå på. Dette er kjernen i den nye pakt.

    A velge bort den nye pakt, redninga for alle menneske, får likefult forferdelege konsekvensar. Det kjem til slutt ei endeleg straff. Den er evig. Den rike mannen bad Abraham om hjelp til å kome seg ut av Helvete. Det var diverre ikkje mogeleg. Løysinga er sjølvsagt å ta i mot Jesus medan ein framleis er her på Jorda.

  9. februar 11, 2012 at 11:18 am #

    Åb kap 16: v8 Den fjerde engel hældte sin skål ud over solen, og den fik givet at brænde menneskene med sin ild. v9 Og menneskene blev forbrændt af den voldsomme hede, og de spottede Guds navn, ham som har magten over disse plager; men omvende sig og give ham æren gjorde de ikke.

    v10 Den femte engel hældte sin skål ud over dyrets trone, og dets rige blev formørket; de bed sig i tungen af smerte, v11 og de forbandede himlens Gud for deres smerter og bylder, men omvendte sig ikke fra deres gerninger.

    Tror du, at mennesker vil omvende sig?

  10. februar 11, 2012 at 12:28 pm #

    Eg ser ein parallell i dette. Arbeidarpartiet og deira nazivennlege kadrar fremjer den kollektivistiske tanken – og burde kann henda ha vorte straffa kollektivt, men Gud straffar ikkje alltid kollektivt. Han straffar òg individuelt. Det fins mange døme på det. Og Eskil Pedersen kjem til å verta straffa han òg, om han ikkje omvender seg…

  11. ivarfjeld
    februar 12, 2012 at 1:15 pm #

    Lars-Toralf

    Shalom.

    Du skriv:

    Arbeidarpartiet og deira nazivennlege kadrar fremjer den kollektivistiske tanken – og burde kann henda ha vorte straffa kollektivt, men Gud straffar ikkje alltid kollektivt. Han straffar òg individuelt.

    Mitt spørsmål:

    Støttar du Anders Behring Breivik sin “kollektive avstraffing” av AUF?

  12. februar 12, 2012 at 1:46 pm #

    Nei, eg har gjort meg mine tankar om ABB, men eg stør ikkje korkje han, hans synspunkt eller ideologi.
    Men det tyder ikkje at han -ikkje- vart brukt av Gud.
    Alt det Gud tillet skje – det kan ein seia at Gud gjer.

  13. ivarfjeld
    februar 12, 2012 at 1:48 pm #

    Lars-Toralf.

    Så Gud drap 6 millionar Jødar under Holocaust?

    Det er jo den logiske konsevens av det du skriv.

  14. februar 12, 2012 at 1:57 pm #

    At Gud tillader mennesker deres onde vej, er langt fra det samme, som at det er Gud, der gør det.

  15. februar 12, 2012 at 2:13 pm #

    Nei, men Gud tillot at det skjedde. Det Gud ikkje tillet, det skjer heller ikkje.

  16. ivarfjeld
    februar 12, 2012 at 2:46 pm #

    Lars-Toralf.

    Eg trur det er viktig at menneske annerkjenner den autoritet vi har fått. Vi har ein rett til å velge det vonde. Gud kan gripe inn, men Han treng ikkje gripe inn. Når Gud ikkje grip inn, så betyr det ikkje at han ynskjer eller godjenner vondskap. Ved ditt resonement blir Gud i sin ytterste konsekvens mannevond.

    Tanken om at Gud brukte Hitler til å depe seks millionar menneske i Nazi-Tyskland er uhyrleg. Ved å støtte ei slik lœre gjer vi Satan til konge. Vondskapen er Satan sitt ansvar.

    Sanninga er at Gud elskar menneske. Han vil gjere alt for at vi skal ta i mot sonen Jesus og bli redda. Tilbodet om nåde gjeld inn i alle menneske sin siste time.

  17. februar 12, 2012 at 2:58 pm #

    Nå legg du ord i min munn som eg ikkje har sagt, Ivar. Det er ikkje Gud som gjer dette. Men Gud har gjeve menneska fri vilje. Det er udiskutabelt. Her ser me lova om årsak og verknad slå inn. Alt det eit menneske vel, anten godt eller vondt, får følgjer.

    AUF har gjentatte gonger, saman med moderpartiet, vald vondskap/ondskap. Biletet med “Boikott Israel” på viser dette tydeleg. Partiet er mannevondt og menneskefiendtleg så vel som antisemittisk. I følgje 1Mos 12:3 (“Alle som talar vel om deg skal eg velsigna, og alle som talar nedsetjande om deg, skal eg forbanna”, korrekt omsetjing) får si endelege følgje først på dommedag.

    Men me ser av soga om Moshe/Farao at Farao forherda hjarta sitt gong på gong, inntil det gjekk så langt at Gud ikkje lengre kunne nå inn til han – og då forherda Gud hjarta hans. Då var domstida alt komen over Farao og hans hus og rike. Det tyder ikkje at riket fall der og då – men fallet byrja der og då. Få generasjonar seinare fanst det ikkje noko storslage Egypt lengre.

    Ramon Bennett har skrive utfyllande om dette i boka “Saga” (Israel og dommen over nasjonene) – og Norge heng i ein syltynn tråd. Me er, som nasjon, verre ute å køyra enn USA er det. Denne boka kan eg tilrå av eit ope hjarta. Du finn ho på Amazon.com.

    Å påstå at Gud ikkje dømer nasjonar i dag – her og no – det er det same som å seia at Gud har forandra seg. Men det stemmer ikkje. Gud har ikkje forandra seg. Han er den same i dag som han var det i går, og skal vera den same til æveleg tid. Det finst ikkje skiftande skugge hos Gud.

    Samstundes er det viktig å slå fast at Åtaket på Utøya ikkje under noko omstende kan reknast som eit åtak på Noreg. Det er utelukkande eit åtak på AP/AUF. Det er eit massemord – ikkje eit terroranslag. Sjå http://pro-testant.blogspot.com/2012/01/noen-provoserende-sprsmal.html

  18. ivarfjeld
    februar 12, 2012 at 8:09 pm #

    Hei Lars-Toralf

    Du skriv:

    Å påstå at Gud ikkje dømer nasjonar i dag – her og no – det er det same som å seia at Gud har forandra seg. Men det stemmer ikkje. Gud har ikkje forandra seg.

    Mitt svar:

    Gud har ikkje endra seg, men nådens tidsalder skil seg frå loven og domen sine tidsbolkar. Gud kom faktisk ned frå Himmelen og tok form som eit menneske. Han gjorde dette av purr kjœrleik til alle menneske. Jesus Messias vil at alle menneske skal bli frelst. Straffen låg på Han. Alt er betalt.

    Jesus står sjølvsagt fritt gripe inn på Jorda. Han lyttar til bøner, og Han grip inn. All makt ligg hos Han.

    Mi røynsle er at Han alltid snur forbanningar til velsigningar. Folk som ikkje lyer han får mange sjansar til å vende om. Eg trur ikkje på at Han vil menneske vondt, ei heller at Han aktivt straffar. Straffen ligg til domens tidsalder.

    Eg er overtydd om at AUF-arar vart frelst på Utøya. Dei som bad om nåde og ropte på Han er i dag heime i Himmelen. Slik som med tjuven på krossen. Amen.

    Dei som nekta å ta i mot Han vil få si evige straff. Alle som døyr utan å tru på Han døyr i syndene sine og må tilbringe œva i Helvete.

  19. februar 12, 2012 at 9:15 pm #

    Men nådens tidsalder gjeld individet, ikkje organisasjonar, einingar og nasjonar. Straffa for enkeltmennesket sine synder låg på han, men ikkje straffa for nasjonar. Det er ingenting i Bibelen som seier noko om det.

    Bibelen er sterkt individualistisk slik. Han manar til fellesskap, men aldri på kostnad av individet, i motsetnad til sosialismen og det såkalla “demokratiet”.

    Det kan godt vera at det fanst AUFarar som vart frelst under forfølgjingane. Eg korkje kan eller vil avvisa tanken – men det er hinsides det argumentet eg har freista å framføra.

  20. ivarfjeld
    februar 12, 2012 at 9:44 pm #

    Hei Lars-Toralf:

    Eg trur det er eit kunstig skille mellom personleg nåde, og nådetid for organisasjonar og nasjonar: Gud sin nåde kjenner ingen grenser. Vil Gud ikkje verja by og land, vi fåfengt på landet byggjer.

    Romerbrevet 13:

    Enhver skal være lydig mot de myndigheter han har over seg. For det finnes ingen myndigheter som ikke er fra Gud, og de som finnes, er innsatt av Gud. Den som setter seg opp mot dem, står derfor imot det Gud har bestemt, og de som gjør det, skal få sin dom. For de som styrer, skal ikke skape frykt hos den som gjør det gode, men hos den som gjør det onde. Vil du slippe å frykte myndighetene, så gjør det gode, og du skal få ros. Styresmakten er en Guds tjener, til beste for deg.

  21. februar 12, 2012 at 10:06 pm #

    Å vera lydig mot myndigheter som har tilrana seg makta på ulovleg vis er ikkje i pakt med Guds Ord.

    Arbeidarpartiet stal makta frå det norske folk i 1945, ved å vidareføra nazismen under Gerhardsen – og har halde fram slik sidan …

  22. ivarfjeld
    februar 13, 2012 at 7:50 am #

    Hei Lars-Toralf.

    Du skriv:

    Arbeidarpartiet stal makta frå det norske folk i 1945, ved å vidareføra nazismen under Gerhardsen – og har halde fram slik sidan …

    Min kommentar:

    Dette har ingenting med røynda å gjere. Eg har sjølv vore styremedlem i Arbeidarpartiet lokalt og leiar i AUF og vil på det sterkaste ta avstand frå slik omtale av dette partiet. Eg har vore observatør på tre landsmøter i partiet, og to gonger på Utøya i 1987 og 1988.

    Eg synes det du skriv er veldig avslørande og meiner veldig mykje om hat mot den sosialdemokratiske røyrsla.

    AP er langt frå perfekt. Det er ingen av dei politiske partia. Det er ikkje AP du angrip, men folket og nasjonen.

    AP har hatt makt i Norge basert på folkestyret. Det du gjer er å gå til angrep på folkestyret og demokratiet. Det gjer stort sett folk i AKP ML og menneske på den ytterstes mørkebrune fløy i norsk politikk.

  23. februar 13, 2012 at 8:05 am #

    Gode Ivar,
    Det er eit dokumentert, historisk faktum at Gerhardsen og Co stal makta i 1945. Dette var planlagt i fleire år.
    Tony Holm skreiv i fjor haust om Arbeidarpartiets Historie. Du finn den litt lengre nede på sida:
    http://debatt.sa.no/-/bulletin/show/696699_hva-er-egentlig-sannheten-stoltenberg?ref=mst

    Forøvrig er eg antisosialist (i alle former) og absolutt liberalist. Anti-kollektivist og individualist. Pro-kapitalist (ideologisk).

  24. ivarfjeld
    februar 13, 2012 at 8:12 am #

    Hei Lars-Toralf.

    Du kallar Einar Gerhardsen for Nazist. Det er ein skam at du brukar slike ord, og du bør straks beklage denne uttalinga.

    Einar Gerhardsen sloss mot Nazistane med sitt eige liv. Han vart arrestert 11 september 1941. Han vart torturert på Grini, og vart i 1944 sendt til konsentrasjonsleiren Sachsenhausen.

    Eg er utruleg skuffa over det hatet du har avslørt i det du skriv.

  25. februar 13, 2012 at 8:36 am #

    Nei, det avklagar eg ikkje.
    Einar Gerhardsen var den einaste fangen på Grini som fekk særhandsaming. Han fekk ektefellevitjing og åleinetid på kona si, Werna, fleire gonger. Dette er vitna av fleire fangar som var på Grini.
    Arbeidarpartiet under Gerhardsen gjella sigøynarar/taterar og lobotomerte åndssvake til langt til inn på 70-talet, akkurat som nazipartiet.
    Vegar Martinsen har prova grundig at nazisme er berre ein annan aln av det sosialistiske stykket – og det vert òg stadfest av Winston Churchill.
    Dette har eg sagt i fleire år, og det kjem eg til å halda fram med. Det er sant.

  26. februar 13, 2012 at 8:38 am #

    Elles: les bloggen min om mellom anna “hat”:

    http://pro-testant.blogspot.com/2012/02/medias-ansvar-for-ord.html

  27. ivarfjeld
    februar 14, 2012 at 11:05 pm #

    Lars-Toralf

    Eg hadde aldri trudd eg skulle få oppleve at nokon kalla Einar Gerhardsen for Nazist.

    1. Einar Gerhardsen kjempa mot Nazistane. Han vart arrestert i 1941, og sat fengsla på Grini. I 1944 vart han sent til konsentrasjonsleiren Sachenhausen.

    2. I motsetnad til Nazistane som innførte eitpartistyre og politisk sensur, var Gerhardsen tilhengar av demokrati og ytringsfridom. Norske regjeringar etter krigen fulgte dei parlamentariske prinsipp.

    3. Det norske Arbeidarpartiet var ein av Israel sine varmaste forsvararar på 1950-talet. Partisekretœr Haakon Lie var personleg ven med Israel sin første statsminister David Ben-Gurion.

    I eit samfunn som har yttringsfridom, er det lov å ha forskrudde meiningar.

    Men når du ikkje skjønar at du bør be om orsaking for å ha kome med ei slik uttaling om Einar Gerhardsen, så vitnar det om mangel på folkeskikk.

    Den yttringsfridomen vi begge har fått, skal vi ikkje minst takke menn som Einar Gerhardsen for.

  28. februar 15, 2012 at 6:05 am #

    Like fullt er Arbeidarpartiet det 1) mest antikristelige partiet her til lands. 2) det mest antisemittiske partiet her til lands. 3) Det mest antifridomspartiet som finst. 4) det mest antikapitalistiske partiet (realkapitalisme). 5) som er imot individuell fridom, 6) som legg stein til børa for alle som vil leva i pakt med eit liberalistisk grunnsyn etc. etc. etc. Dette har eg stått for sidan midt på 90-talet, og har ingen grunn til å endra ståstad. Sjølvsagt, ev det skulle finnast dokumentasjon på at eg tek feil, skal eg vurdera det, men ingen har enno vist meg at eg har teke i miss. Dessutan etterlever eg Predikeren 10:2 målmedvite (1930-omsetjinga): Dårens hu er vendt mot venstre, den vises hu er vendt mot høire (Nei, eg tullar ikkje!).

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 28 other followers

%d bloggers like this: