I 500 år held nordmenn seg til helgekvila. No vil partiene Fr.P og Høgre avvikle den siste rest av Sabbats-bodet i lovene i Norge.
Norge har i alt 324 søndagsåpne matvarebutikker, melder avisen Vårt Land..
“I LO er folk sinte, mens Høyre og Frp vil deregulere”, skriv Dagens Nœringsliv på leiarplass.
Når Mamon styrer er det ikkje råd å ta seg fri på Sabbaten. Anten om du held den Bibelske Sabbaten frå Fredag kveld, eller tar fridagen på ein Sundag.
No ynskjer både Fr.P og Høgre å la alle butikkar halde ope på Sundagar. Så mykje for borgarleg kristendom.
Ironisk nok er det LO og Arbeidarpartiet som no forsvarer den siste rest av helgefred i kongeriket.
Trass i at mange besteborgarar går til kyrkje, så les dei ikkje i Bibelen. Somme stolar på å bli salige i presten si tru. Andre kjenner påbodene i Bibelen, men viser i både ord og gjerning at dei hatar Gud sitt Ord.
Bibelen serier at menneske kjem til å gå fortapt, fordi dei manglar kunnskap. Mange som ropte “hallelulja” er like ugudelege som ikkje-truande. Dei skal tilbringe evigheten på den same varme staden.
Gud er ikkje ei nikkedokke, som kan kan påkallast til å godkjenne og velsigne menneske som vel eit liv i synd.
Dersom det norske folk ikkje vender om, så kjem det til å gå ille med millionar av menneske i dette landet.
I denne generasjonen er det ikkje mange som lever som om dei har tenkt seg til himmelen.
Evangeliet etter Johannes
Kapittel 14:21Den som kjenner mine bud og holder dem, han er det som elsker meg. Og den som elsker meg, skal min Far elske. Ja, også jeg skal elske ham og åpenbare meg for ham.»
“Billeg nåde” er ei djevelsk felle. Lytt ikkje til vranglœrar som ikkje kallar menneske til å leve etter Jesus sine bod og instruksjonar.
Skriven av Ivar Fjeld
Siste kommentarar