Når fotball blir ein religion som spottar Gud

Dagsavisen kan melde at Tottenham ble “brutalt skutt ned fra Himmelen”. Arsenal vart som Jesus. “Laget steg motsatt vei.”

Fotballen blir framstilt i eit Bibelsk språk for å hylla pengar og avgudar.

Den første moderne Olympiaden vart skipa til i Hellas i 1896. Helenistane brukte desse tilskipingane til å hylla den greske avguden Heracles (den Romerske Hercules), ein av sonane til Zeus.

Den profesjonelle fotballen og media-dekninga er den mest tydelege formen for mammon-dyrkinga innan idretten. Fotball er blitt ein form for nyreligiøsitet.

Det er mange år sidan eg såg eit oppslag i Bergensavisen (BA) om eit fotball-idol som vert dyrka som ein avgud. Tittelen var:

 “Beckham korsfestet se oppstandelsen”.

I dag hadde Dagsavisen i Oslo eit liknaden oppslag. Der handla ein fotbalkamp om Himmel og helvete. Slik vert Gud spotta, og Gud sitt Ord ufarleggjort. Dei som ser ein fotballkamp kan oppleve Himmelen, rett nok om laget dei heiar på vinn. Skulle favorittlaget tape, ja då kjennes dette som eit levande helvete.

Dei siste tider skal bœre preg av at menneske gjer narr av evangeliet og spottar Gud. Det skal ikkje bli mangel på tid den dagen spottarane må tilbring all framtid i Helvete. Saman med Satan, demonar og vonde ånder.

Vil du leve, så må du kaste av deg dette forferdelege nyreligiøse fotballhysteriet.

Du kan med fordel bruke sundagane til å lese Bibelen, og be Jesus om nåde for alle syndene du har gjort i livet ditt.  Ta også del i ein kristen forsamling der dei lovprisar Jesus og forkynner Gud sitt ord.

Skriven av Ivar Fjeld

Merkelappar:, , , ,

Kategoriar: Bibelen, Endetid

Ingen kommentarar enno.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

<\!-- /#footer-out -->