Frelsaren Jesus vert spotta like ved Stortinget

“Bli frelst på vår nye kaffe, “Jesus”.

Jesus sitt namn lyste opp på Karl Johan fredag formiddag.

Dette skiltet stod Fredag knappe 50 meter frå der Mullah Krekar fekk stå å spotte Norge, demokratiet og Gud nokre få timar seinare.

United Bakeries på Karl Johans Gate inviterte deg til frelse. Syndene kan bli vaska bort i form av ein kaffi ved namn “Jesus”.

Eg tok frelsesvegen inn på dette bakeriet på leit etter “frelsaren”.

Tanken var å finne ut kva denne frelsen gjekk ut på. Mellom anna ville eg finne ut om det fulgte rensande blod med denne kaffien.  Kanskje det fulgte eit nytestamentet med i prisen på 32 kroner?

Syndene blir ikkje tatt bort i ein god kopp kaffi.

Det gjorde det ikkje.

Tvert om. Som så mykje anna reklame, var sanninga gjøynd i det som stid med lita skrift. Under “Jesus” med store bokstavar, stod det “moreno”.

Inne på bakeriet var det ein svensk jente som trakterte kaffe-maskina. Ho peikte på foto av ein eldre mann frå Honduras og sa:

” Det er han som er Jesus”.

Stakkars denne mannen frå Honduras. Framstilt som ein Frelsar.

Bibelen seier at i dei siste dagar skal folk spotte Gud, og vi skal bli presentert falske kopiar av Messias.

 Evangeliet etter Matteus

 Kapittel 24:26-28

 Om de altså sier til dere: ‘Se, han er ute i ødemarken’, så gå ikke dit ut, eller: ‘Se, han er i et rom der inne’, så tro det ikke. For slik som lynet går ut fra øst og lyser like til vest, slik skal det være når Menneskesønnen kommer. Hvor åtselet er, vil gribbene samles.

Slik som denne kopien, ein kaffe-produsent frå Honduras, servert på Karl Johan.

Skriven av Ivar Fjeld

Merkelappar:, , ,

Kategoriar: Bibelen, Endetid

Ingen kommentarar enno.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

<\!-- /#footer-out -->