Dagbladet: Lysbakken som “Jesus” og kristne som rotter

Dagbladet er eit barometer på lovløysa og hor blant journalistar.

Dagbladet tok bort hovudet av Jesus, og plasserte inn andletet til Audun Lysbakken.

Du må ikkje tru at det berre er i Stortinget og regjeringa at det er små og større kriminelle som styrer.

Det er mogeleg at vanstyret og perversitetane er enno større i det journalistiske miljøet.

Eg har tidlegare dokumentert korleis Dagbladet ved fleire høve har støtta seg på ny-Nazistisk propaganda mot staten Israel og det Jødiske folk.

På fredag nådde Gud-spottinga i Akersgata nye høgder. På side to i den riksdekkande dagsavisa vart  Audun Lysbakken framstilt som Jesus, den gode hyrde. Vel å merka i form av sarkasmer og som ein patetisk framtoning med eit lam i armane.

Verre var det å sjå at i Fredagsmagasinet til Dagbladet, vart kristne framstilt som rotter.

Dagbladet framstller kristne som ynskjer å følgje Gud sitt påbod om kviledagen som rotter. Også dei som vil at folk skal kle seg sømeleg. Denne spottinga råkar alle religiøse menneske.

Det minner svœrt mykje på Nazi-leiar Adolf Hitler sit framstilling av Jødane. Dei også var i følge den tyske Gud-spottaren “rotter”, som gjorde ugagn i samfunnet.

Slik er det blitt i Norge.

Sjefsredaktør i Dagbladet John Arne Markussen.

Eg unner ingen å plassere deg under Gud si straff og evig dom på denne måtten. Eg får seie som Jesus:

 ”Far du må tilgje dei. For dei veit ikkje kvar dei gjer”. Amen.

Skriven av Ivar Fjeld

Merkelappar:, , , , ,

Kategoriar: Endetid

Ingen kommentarar enno.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

<\!-- /#footer-out -->