Pauseklovnar i manesjen i Oslo Tinghus

“Jeg nekter å bli slept rundt i manesjen som en annen pauseklovn i hans bisarre vrangforestillinger”.

Stein Lillevolden meiner at Behring Breivik gjer det norske rettssystemet om til eit sirkus.

Dette skriv anarkist og Blitz-sjef Stein Lillevolden i ein kronikk i Aftenposten.

 ” Tiltalte forsøker å tilegne seg initiativet og kontrollen i denne rettssaken med sin vitneliste av hummer og kanari, gjennom å bruke «kjendisvitner» som springbrett for medieoppmerksomhet med fortsatt hatmobilisering og selviscenesettelse som korsridder for en «god sak». Jeg anerkjenner ikke at han skal ha en slik arena, og nekter å bli slept rundt i manesjen som en annen pauseklovn i hans bisarre vrangforestillinger”.

Kilde: Aftenposten

Min kommentar:

Har Carl I Hagen og Mulla Krekar noko til felles?

I følgje Blitz-sjef Stein Lillevolden er dei begge pauseklovnar. På lik linje med mange andre norske “kjendisar”.

Det er sjeldan eg er samd med menn som Lillevolden.

Men når det gjeld rettsprosessen mot Anders Behring Breivik så har han eit poeng.

Det er mange som no som prøver å slå politisk mynt på Utøya-terroristen. Ander vil sole seg i medie-glansen. “Se og Hør” har alltid vore ein arena for dei som vil markere seg i Norge.

Dei som var Behring Breivik sine ordensbrør i Frimurar-losjen slepp ikkje berre å vitne. Dei er å finne på lista over dei som tener grovt på dette sirkuset. Advokatar, byråkratar og redaktørar inkludert.

 Salmane
Kapittel 74:22

Reis deg, Gud, og før di sak!
          Hugs at du blir spotta av dårar dagen lang.

Anders Behring Breivik kalla seg for ein “kristen”. Er det nokon som i Oslo Tingrett kjem til å sitere Jesus sine ord om å elske fiendane sine?

Mange tjener millionar på at AUF-familiane sine tragediar no skal brettast ut i media og i rettsalen.

Hadde Behring Breivik fått ei rettssak på eit par dagar, så hadde vi sluppe dette uverdige medie-sirkuset.

Skriven av Ivar Fjeld

Merkelappar:, , , ,

Kategoriar: Utøya

Ingen kommentarar enno.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

<\!-- /#footer-out -->