(VG Nett) Bilder og beskrivelser av slag, pisking, lenker og sexlek med kniver er innholdet i en ny brosjyre som sendes ut til helsestasjoner for ungdom over hele landet.
Hvis det å elske deg gjør meg til slave, vil jeg tilbringe hele livet mitt i lenker.»
Slik begynner brosjyren om sadomasochisme (SM), også kjent gjennom den engelske forkortelsen BDSM, som står for Bondage and Discipline, Dominance and Submission, Sadism and Masochism.
Styrke seksuell identitet
Psykologene bak tiltaket får støtte av Helsedirektoratet som har gitt penger til brosjyren.
- Vi har vurdert at brosjyren holder høy faglig kvalitet, og lykkes med å avmytologisere SM . Etter at diagnosen ble avviklet i 2010, er det viktig å gi god informasjon som kan styrke grupper som lenge har blitt diskriminert , sier fungerende avdelingsdirektør Ulla Leth Ollendorff.
Kjelde: VG
Min kommentar:
Sidan den norske staten ikkje lenger har den Lutherske evangeliske trua som sitt kompass, må ein sjølvsagt forvente endringar.
Sadisme og seksuell vald kan lett inkluderast i den “kristne og humanistiske arv”, slik grunnloven no skildrar kva moral og etikk som skal styre det norske samfunnet.
Det er verd å merke seg at seksuell trakasering og valdtekt av korguttar kan inkluderast i “den kristne arv”.
Dei siste åra har det blitt avslørt at titusener av katolske prestar har drive med sekuell mishandling av barn. Ein offentleg rapport i Irland konkluderte med at så mange som 150.000 barn og unge kan ha blitt seksuelt mishandla av prestar sidan 1930-talet.
Les meir om desse kriminelle handlingane.
Pavekyrkja er inkludert i “Norges kristne råd” av både Lutherske kyrkjer, pinsevener og baptistar, og då er vel alt i orden.
Johannes’ openberring
Kapittel 3:15-16Eg veit om gjerningane dine – du er verken kald eller varm. Om du berre var kald eller varm! Men du er lunka, ikkje varm og ikkje kald. Difor skal eg spytta deg ut av min munn.
Jesus har ein klar advarsel til alle dei lunkne som vandrar omkring i blant oss. Han skal spy dei ut av munnen sin, når Han kjem attende til jorda som domar.
Det er nok berre Messias som kan klare å bli kvitt den perverterte norske offentlege sektor , der dine skattekroner blir brukt både til drap på barn i mor sin mage, og til å støtte Islamsk terrorisme mot Israel. Det siste nye er at den norske staten markandsfører pervers seksuell vald når tenåringane våre vitjar ein helsestasjon.
Skriven av Ivar Fjeld
Siste kommentarar